Rosendal Musikklag på Bakeriopning på Stord. | Laurdag fekk musikklaget spele under opninga av bakeriutsalet til Peder Bakar i Borggata på Stord. Det vart ein høgtideleg, stileg og underhaldande seremoni. Det var helsing og snor kringleklypping av den nye ordføraren på Stord - Harry Hestad, tenning av ild, avduking av kringle samt utdeling av heider til våre eigne musikantar Bjarne og Gunvald. Etter seremonien fekk vi nyte Peder bakar si mjuke og saftige kringle. Eit strålande oppdrag. | | | 02.12.2015 |
|