Slik gjer du det:
Spelekortet
Spelekortet til Norsk Tipping er sjølve nøkkelen. Du må altså spele registrert for å vera giver. Når du har funne fram til den du ynskjer å støtte, blir dette registrert på deg som spelar. Dette gjeld på alle spela til Norsk Tipping, unnateke Flax og Extra.
Vinn - Vinn
Det har ingenting å sei om du taper eller vinn på spelet ditt. Du blir heller ikkje belasta noko for å vera grasrotgiver. Dersom du speler for 100 kroner på Lotto gjev Norsk Tipping fem kroner som går direkte til den mottakaren du sjølv har knytt til deg.
Denne ordninga blir satt i gang frå 1. mars.
|