|
'Den 15. mars 1987 deltok laget i Horda-Amatøren i Studentsenteret i Bergen. Vi konkurrerte i 3. divisjon for Brass Band med Helge Haukås som gjestedirigent. Konkurransestykket var 'Four Litle Maids'.
| |
Etter loddtrekning skulle vi spela til slutt. Gledeleg nok deltok også Uskedal Musikklag og skulle spela rett før oss. Begge laga følte etter avspelinga at det meste hadde klaffa bra.
| |
Det var stor spenning i salen då resultatet vart opplese. Laget på 9. plass vart først opplese. So følgde laga i tur og orden. Spenninga auka etter kvart som vi ikkje vart opplese. Like forundra vart vi etter kvart som heller ikkje Uskedalen vart nemnd. Til slutt var det berre oss to laga att. Vi hadde kome på dei to beste plassane, men kven var vinnaren? Hadde Uskedalen slege oss? Stilt som i grava før dei forløysande orda kom frå opplesaren. Uskedal Musikklag tok 2. plassen med 90,0 poeng, og vi vart vinnarar med 93,5 poeng. Det gir 1. ærespris til begge laga.'
| |
Utdrag frå boka: 'Still dine strengjer'. | | | | Horda-amatøren | | | | | | | År | Divisjon | Musikkstykke | Plassering | Poeng | Dirigent |
| 1987 | 3. | Four Lilttle Maides | 1 | 93,5 | Helge Haukås (gj.dir) | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | Stad: Bergen |
| |
|
| |
| |
| | Siste nyhende | | 30.03.2016 | Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending. | Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum. | Les meir | 30.03.2016 | Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen | erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og. | Les meir | | | | | Linker | | | |