|
Informasjon om korpset | | Øving foran revyen 2007 |
| | Oppstart
Rosendal Musikklag, som på den tida heitte Rosendal Musikkforening, blei starta i 1896, og er dermed eit av dei eldste korpsa i Noreg.
| |
Frå først av var laget ein kvartett, men det kom fort fleire til.
| |
Organisasjonen Rosendal Musikklag
I 1933 vart laget organisert med vedtekter, generalforsamling, og val av styre. Her var det då fremmøtt 16 medlemmer med stemmerett. Foreningas formål 'er ved kameratslig samarbeide å opprettholde og fremme musikkinteressen så vel blandt foreningens medlemmer som i bygden forøvrig.'
| |
Damer kom med i korpset
Fram til 1975 hadde laget vore janitsjarkorps, men skifta no over til brass. Til no hadde laget ikkje hatt damer med. Tidlegare jenter i skulemusikken fekk skriftleg invitasjon til opplæring og medlemskap. Torill Haugland fortel: 'Eg tykte det høyrdest interessant ut og kom heim frå fyrste øvinga med ein gullfarga trompet. Men då det viste seg at eg var den einaste dama, mista eg motet og trekte meg. Eg lova likevel at dersom musikklaget kunne få med ei dame til, og dersom dei ville gje meg opplæring så skulle eg byrja.'
| |
Det gjekk eit år før ho høyrde noko meir frå laget. Ein dag ringde formannen og fortalde at no hadde dei endeleg fått med ei dame til. Det var Lillian Huke. Håkon Hesthammer lærde dei opp.
| |
Ekko
Rosendal Musikklag hadde ein viktig medspelar når det gjaldt økonomi og tilskipingar, det var støttelaget EKKO. Dei vart skipa i 1977 av ektefeller til medlemmer i musikklaget. Dei hadde som hovudarbeid å betre økonomien i laget, og å hjelpa til med ulike arrangement i musikklaget sin regi.
| |
Konkurransar
Rosendal Musikklag har deltatt i konkurranser jevnlig sida 1980. Norges Mesterskap for Brass, Siddis, Vårspretten, Hordablesten, og fleire.
Rosendal Musikkfestival
Den første Musikkfestivalen gjekk av stabelen i 1977. Sjå historie under Festivalen.
| |
Utdrag frå boka: 'Still dine strengjer', Rosendal Musikklag 1896-1996 | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | 30.03.2016 | Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending. | Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum. | Les meir | 30.03.2016 | Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen | erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og. | Les meir | | | | | Linker | | | |