Framsida


Heim
Grasrotandel
Om oss
Arrangement
Konkurranser
Festivalen
Styret i festivalen
Historie Festival
B-laget
Fotoalbum
Kontakt oss
Hovudsponsor
Nyhende
Internsider
Kontakt oss
Tlf:
950 32 623
Faks:
E-post
kristin.lamberg@icloud.com
PB 142, 5486 Rosendal

Historie

 

 
 

Ideen til Rosendal Musikkfestival dukka opp i midten av 70-åra. Rosendal Musikklag gjekk over frå jantisjar til brass band-besetning i 1975, og nett den hendinga er eit godt bilete på den nytenkinga som føregjekk i korpsmiljøet i Rosendal på denne tida. I tillegg la Hordaland Musikklag sitt 50 års Minnestemne til Rosendal, og kan henda dette var den vesle spira som førte til at den første Rosendal Musikkfestival gjekk av stabelen i 1977.

 
 
 

Kjartan Wang Olsen leidde den første festivalnemnda, som forutan førstnemnde bestod av Bjarne Klette, Torill Haugland og Torstein Hus.
Rosendal Musikkfestival fekk ein 'flying start' med H.M. Kongens Garde som hovudattraksjon. Allereie under den første festivalen vart Nattjazzen innførd. Ytre Suløens Jazzensemble stod for underhaldninga, og arrangementet vart teke så godt i mot at det framleis er ein fast programpost under festivalen. 

 
 
 

Men sjølv om det vart opna for andre musikkformer, var grunntanken at Rosendal Musikkfestival skulle vera ein korpsfestival. Men allereie i 1978 kom det innslag av klassisk musikk i festivalprogrammet. Bergen Kammerensemble heldt konsert i Borggarden på Baroniet Rosendal.

 
 
 

I 1980 brann Rosendal Samfunnshus ned til grunnen, og mykje av dokumentasjonen frå dei første festivalåra har difor gått tapt. Brannen førte også til at det var uråd å arrangera festival dei to neste åra.

 
 
 

(Kjelde: 'Rosendal Musikkfestival' av Johannes G. Guddal i jubileumsboka 'Still dine strengjer - Rosendal Musiklag 1896 til 1996')

 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
30.03.2016
Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending.
Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum.
Les meir
30.03.2016
Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen
erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og.
Les meir
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS